Kommunale fosterheimar

Fosterheimstenesta Sunnmøre skal formidle fosterheimar til alle kommunane på Sunnmøre.

 

FOSTERHEIM

Ein fosterheim er ei familie som tar på seg ansvar for barn eller ungdom som av ulike årsaker må bu utanom
heimen for kortere eller lengre tid. I vår del av fylket er det til ei kvar tid ca 200 barn som bur i fosterheim. Vi har eit aukande behov for fleire fosterheimar, og då særleg heimar som kan ta i mot barn/ungdom frå 10 år og oppover. For å bli fosterforeldre er det nokre kriteriar som må leggjast til grunn.

sfj,forside.jpg

"Ein vanleg heim": 

Dei fleste barna blir plassert i det vi kaller ordinære heimar. Det vil seie vanlege familiar som påtar seg omsorgsoppdrag frå dei lokale barneverntenestene i kommunane, og som tek imot eit eller fleire barn til oppfostring for kortare eller lengre tid. Desse kan vere i slekt med barnet, elller kjenner ikkje barnet frå før. I nokre tilfelle kan dette vere den av foreldra som ikkje har den daglege omsorga for barnet.

Forsterkning: 

Fosterheim med forsterking tek imot særleg krevjande barn. Forsterkinga kan vere ulike tenester, avlastingsordningar, fagleg rettleiing, ekstra lønskompensasjon når fosterforeldra må redusere arbeidstida utanom heimen, eller andre økonomiske ytingar.

Ungdomsfosterheimar: 

Ungdomsfosterheimar er heimar som er spesielt opplærte til å ta i mot ungdom med særlege behov. Den eine av fosterforeldra har dette som hovedoppdrag, og kan arbeide utanom heimen opptil 50 % stilling. Dei får fast rådgjevar frå fosterheimstenesta, samt rettleiing frå psykolog.

Beredskapsheimar: 

Beredskapsheimar tek i mot barn for kortare periodar etter vedtak i akutte situasjonar. Heimane bør ha erfaring med barn og ungdom. Dei får fast oppfølging frå ein av våre rådgjevarar, og det er  faste samlingar med psykologrettleiing.                                      

                                            

 

 

 

Publisert: 25.04.2008  Sist endret: 29.07.2009