Kurs og opplæring
Grunnkurs PRIDE:
PRIDE-programmet er eit kurs på tilsaman 30 t som går over 4 mndr. Deltakarane går gjennom ein prosess ved kursamlinger og ved heimebesøk som skal gi eit betre grunnlag for å ta avgjerda om å starte som fosterforeldre.
På kurset vil familien få muligheit til, med diskusjonar og øvelser under samlingane, å reflektere over kva eit fosterheimsoppdrag inneber. Dei får og muligheit til å grunngi sine eigne motiv og ønske om å bli fosterforeldre.
PRIDE-kurs slekt og nettverk:
PRIDE-slekt og nettverk har dei same grunnleggande verdiar og grunntema som grunnopplæringa, samt at kurset gir opplæring i tema som er meir egna for plassering i slekt eller nettverket til barna. Kurset er lagt opp med ei helgesamling og ein oppfølgingsdag noko seinare og blir leia av ein rådgiver frå fosterheimstenesta og ein fosterforelder. Kurset er meint for fosterforeldre som allereie har tatt i mot barnog er godkjend av den lokale barneverntenesta, men kan og bli tilbudt fosterforeldre som ikkje har fått tilbud om grunnopplæringa.
PRIDE-videreopplæring:
Dette er kurs som er meint for fosterforeldre som har barn med ulik problematikk og utfordringer.
Tilsynsførerkurs:
Dette er opplæringskurs utarbeida av Barne-ungdom og familieetaten (Bufetat)for dei som skal ha tilsyn med fosterbarn i vårt område. Kursa går over ein dag.

Opprettet: 28. oktober 2010
Sist endret: 28. oktober 2010