Fosterheimstenesta har som mål at alle aktuelle fosterforeldre skal få tilbud om eit førebuande opplæringsprogram, PRIDE.
PRIDE står for
Parent -
Resources -
Information -
Development -
Education.
PRIDE-programmet er eit kurs på til saman 30 timar som går over 3-4 mndr. Deltakarar på kurset gjennomfører ein prosess som skal
kunne gi eit betre grunnlag for å ta avgjerda om å starte som fosterforeldre.
Når ein familie bestemmer seg for å bli fosterfamilie er det ei viktig avgjerd. For at avgjerda skal bli så riktig og grundig
gjennomtenkt, er det viktig at familien er førebudd og inneforstått med kva det vil seie å ha oppdrag som fosterheim.
I den førebuande PRIDE-opplæringen får familien muligheit til, med diskusjonar og øvelser under samlingane, å reflektere over
kva fosterheimsarbeid inneber. Dei får og muligheit til å grunngi sine eigne motiv og ønske om å bli fosterfamilie. Familien
blir og meir klar over kva dei kan tilby eit barn.
Samtidig som ein deltar i PRIDE-opplæringa, vil deltakarane få i oppgåve og fylle ut sine eigne "livsbøker". I desse bøkene
er det utforma ein del spørsmål om bakgrunn, oppvekst og korleis ein handterar sin eigen familiesituasjon. I tillegg blir
det to heimebesøk til kvar enkelt familie.
PRIDE-programmet inneheld 10 temaer:
- Introduksjon
- Å arbeide i team
- Å møte barn sine behov for nærleik og tilknyting
- Korleis møte sorg og savn
- Å støtte relasjonar mellom menneske
- Å oppdra barn
- Å gi muligheit til å knytte livslange band
- Å leve i forandring
- Å ta eit velgrunna valg
- Å ta farvel å gå videre
Etter avslutta opplæring blir det tatt ei gjensidig vurdering der famlien og PRIDE-leiarane sammen samtalar om famlias kompetanse
og ressursar for å bli fosterheim. Resultatet av samtalen blir utforma i ein rapport.
Rekruttering utan PRIDE-opplæring:
Vi veit at det finst mange som har mykje relevant erfaring i arbeid med barn og unge, samtidig som Fosterheimstenesta har behov
for heimar som kan ta i mot barn relativt raskt. Desse kan bli tilbudt tilrettelagt opplæring.
Kriteriar for å bli fosterforeldre:
- Må legge fram uttømmande politiattest ved plassering av barn i heimen
- Må legge fram legeattest ved deltaking i opplæringsprogrammet
- Ekteskap / sambuarskap bør ha vart i minst 2 år
- Fosterforeldra bør vere minst 25 år
- Familien bør ikkje ha nærtståande planar om familieauking
- Familien bør ha, eller kunne legge til rette eige rom til fosterbarnet
- Familien bør ha ein stabil og ordna økonomi
- Eigne barn bør vere minst 2 år, og familien må totalt sett ikkje ha for store omsorgsoppgåver