Ulike typar fosterheimar

Ein fosterheim er, i følge Lov om barneverntenester, voksne mennesker som påtar seg ansvaret med å oppfostre eit barn eller ein ungdom. Det inneber at fosterheimen skal ivareta dei funksjonane ein heim har, samt at fosterforeldra skal overta den daglege foreldrefunksjonen for barnet.

Nokre barn har behov for å vere einaste barnet i familien, for andre vil det vere best å vekse opp med fleire søsken. Dette må vurderast ut i frå dei ulike behova barna har og fosterforeldra sine ressursar. Dei fleste barn blir plassert i det vi kaller "ordinære fosterheimar. I tillegg er det behov for statlege fosterheimar.

Ordinære fosterheimar: Ordinære fosterheimar er vanlege heimar som tar på seg omsorgsoppdrag for kortare eller lengre periodar, alt ettersom kva målsettinga for plasseringa er, og korleis utviklinga i saka går. Barna kan vere i alderen 0 - 18 år. Fosterheimen går inn på avtale med kommunebarnevernet som har omsorgen for barnet. Fosterheimsavtale.

Avlønning: Oppdrag som fosterheim blir løna ut frå Kommunenes Sentralforbund sine satsar (KS-satsar). Det vil seie ei arbeidsgodtgjersle på pt. kr. 5914,- pr mnd, samt utgiftsdekning sett ut frå alder på barnet. Satsane vert regulert 1. juli kvart år.

Det blir gjort merksam på at fosterforeldre er oppdragstakar for det offentlege, ikkje arbeidstakar. Oppdragsforholdet vert regulert i Fosterheimsavtalen og inneber at ein ikkje har rettar etter ferielova, eller får pensjonspoeng utover det ein har rett på via trygdeetaten.

Fosterheimar til babyer: Forskning viser at barn kan ta følelsesmessig skade ved fleire bytte av omsorgspersonar før fylte 1 år. Vi ønaker derfor å ha eit "utvalg" av familiar som kan ta i mot babyer opp til 1 år, og ofte på kort varsel. Ved plassering vil det som oftast ikkje vere avklart om plasseringa blir for lang eller kort tid, og den som tar på seg eit slikt oppdrag må leve i uvisse om barnet blir tilbakeført til si familie, eller kan bli verande gjennom heile oppveksten. Før saka blir avgjort vil det og vere hyppig samvær med biologiske foreldre. Det kan vere krevjande å leve slik i uvisse, men vi har stor tru på at det finst familiar som kan klare dette og dermed hjelpe sårbare barn.

Fosterheim med forsterking tek imot særleg krevjande barn. Forsterkinga kan vere ulike tenester, avlastingsordningar, fagleg rettleiing, ekstra lønskompensasjon når fosterforeldra må redusere arbeidstida utanom heimen, eller andre økonomiske ytingar.

STATLEGE FAMILIEHEIMAR:

Ungdomsfosterheimar er heimar som er spesielt opplærte til å ta i mot ungdom med særlege behov. Den eine av fosterforeldra har dette som hovedoppdrag, blir løna frå Bufetat, og kan arbeide utanom heimen opptil 20%. Dei får fast rådgjevar frå fosterheimstenesta, samt rettleiing frå psykolog.

Beredskapsheim er ein heim som er særleg godt egna til å ta imot barn eller ungdom for krise- og kortidsopphald. Beredskapsheimen skil seg ut frå dei ordinære heimane ved at dei er fagleg og administrativt lagt under det statlege barnevernet, Bufetat. Det er ein del av Bufetat sin akuttberedskap når det er behov for tiltak utanom heimen i akutte situasjonar. Når den akutte krisa er over eller avklart, blir barna flytta, anten heim eller i anna tiltak som fosterheim eller barneverninstitusjon. Det vert ikkje lagt opp til at beredskapsheimen skal bli ordinær fosterheim.

Publisert: 16.02.2009  Sist endret: 28.08.2009