Lurer du på om heimen din kan bli fosterheim?

Å bli fosterforeldre er ofte ein lang prosess, som startar med spørsmål ein ikkje heilt veit svar på. Kanskje ein kjenner nokon som er fosterforeldre, eller ein har tenkt på det ei stund.

I Nordmøre og Romsdal er det i dag 219 fosterbarn i alderen 0 til 18 år. Nokre få er opp til 23 år. Nokre har søsken, andre er einebarn. Alle har sine resssursar, personlegdom og særpreg. Dei er fulle av draumar, håp og planar, akkurat som alle andre barn og unge. Dei har blitt fosterbarn av ulike årsaker. Nokre har mangla tryggleik og omsorg, andre har opplevd overgrep og mishandling. Ein fosterheim kan gi desse barna den omsorga og tryggleiken dei har krav på.

Kven kan bli fosterforeldre?

Det finst ikkje noko eintydig svar på det. Gode fosterforeldre finst i alle lag av folket, med ulik bakgrunn og ressursar. Ein fosterheim er ein heim som finn glede og utfordring i å hjelpe til med å fostre opp eit barn. Pågangsmot har dei mykje av, og i tillegg er dei rause og har godt med tid.

Det er i dag fosterheimar i alle kommunane i Nordmøre og Romsdal, og det  er behov for fleire.

tlf 466 17 400

e-post: eva.lillian.hestad@bufetat.no

 

Publisert: 23.02.2009  Sist endret: 14.04.2010
 
 

Eigenpresentasjonsskjema

Dersom du ønsker, kan du laste ned og fylle ut eigenpresentasjonskjema og sende det til oss. Du vil då bli kontakta av ein av våre rådgivarar.

Last ned fil Eigenpresentasjon
(790kb - 1,6 min ved 64K ISDN)

Publisert: 24.09.2009  Sist endret: 24.09.2009