Barnevernet arrangerte informasjonsmøte
Fosterhjemstjenesten i Bergen og Fjell kommune arrangerte et felles informasjonsmøte
Barn og unge treng hjelp – du kan gjere ein forskjell
Informasjonsmøte om fosterheimsarbeid og andre oppdrag i barnevernet ble avholdt på Fjell rådhus 18. april 2012.
Temaet på møte var:
Fosterheim
Behovet er stort for fosterheimar til barn i alle aldre.
I dag bur det ca 600 barn og unge i fosterheim i Bergens området.
I 2012 er det ei målsetting å rekruttere 150 nye heimar.
Det fins ulike fosterheimsoppdrag :
• Fosterheim
• Familieheim (forsterka fosterheim)
• Beredskapsheim (kortvarige kriseplasseringar)
Andre oppdrag i barnevernet:
• Besøksheim (helgeavlastning m.m.)
• Støttefamilie – meir omfattande enn besøksheim, men mindre enn fosterheim
• Tilsynsførar
• Anna (t.d. støttekontaktar)
Barne –familie og ungdomsetaten (Bufetat) og barneverntenesta i Fjell kommune informete om alle desse ulike oppgåvene. Vi har f.t. eit særskilt behov for ulike typar fosterheimar til ungdom og vil difor fokusere ekstra på det.
Kven er du/de?
Vi vender oss til deg som er vaksen og som har lyst, tid og anledning til gjere ein innsats for barnevernet.
Kan hende er du ekstra godt eigna til å hjelpe ein ungdom på rett kjøl? Kan hende kan du tenkje deg å ha arbeidsplassen i din eigen heim? Kan hende vil du starte opp med litt meir avgrensa oppdrag?
Vi kan tilby opplæring på førehand og rettleiing undervegs.
Arbeidsgodtgjering og utgiftsdekning etter gjeldande satsar. Dette varierer i høve til omfang av oppgåva. Er du ordinær fosterheim, besøksheim, støttekontakt eller tilsynsførar kan du ha jobben din utanom.
Er du familieheim eller beredskapsheim må oppdragstakar (ofte den eine vaksne i familien) ha dette som sitt arbeid.
Kven er borna som treng hjelp?
Borna er ulike både når det gjeld personlegdom, alder og behov.
Dette vil vi bruke tid på å presentere. I tillegg har vi med erfarne fosterforeldre og ungdommar som vil utfylle biletet.
Informasjonsmøtet er uforpliktande for deg som møter opp. Bruk sjansen til å få grundig informasjon
om dei mange spanande oppgåver der DU kan gjere ein forskjell.
Har du spørsmpøl vedrørende arrangementet kan du kontakte Sandra Scharffscher tlf. 55 09 71 47 e-mail: sandra.scharffscher@fjell.kommune
eller Else Dugstad i Bufetat på tlf 466 18 893, e-mail else.gerd.dugstad@bufetat.no
Opprettet: 18. februar 2012
Sist endret: 18. februar 2012