Kan nokon i nær familie eller nettverk vere fosterheim?

Mange barn som flytter i fosterheim, flytter til ein heim dei kjenner frå før. Det kan vere nær slekt som besteforeldre, onklar/tanter og liknande. Det kan og vere familiar som barnet ikkje er i slekt med, men som dei likevel kjenner godt frå før.

Før eit barn flytter i fosterheim, skal barnevernet alltid vurdere om nokon i barnet sin nære familie eller nettverk kan nyttast som fosterheim. Dette er slått fast i Forskrift om fosterhjem, § 4 andre ledd.

Om lag 1/3 av alle fosterbarn i Sogn og Fjordane bur hos slekt eller nettverk etter ei plassering. Desse fosterheimane har same vilkår som alle andre fosterheimar, men får ei litt anna opplæring.

Dersom du lurer på kva som skal til om du eller nokon du har tillit til, kan få vere fosterheim til eit barn i din familie eller nettverk, kan du ta kontakt med oss for ein uforpliktande samtale. Ring 46 61 90 00 og tast 4, eller ring direkte til ein av oss som du finn under ”om oss”

Publisert: 09.06.2008  Sist endret: 26.02.2009