Sidan Sogn og Fjordane er eit grisgrendt fylke, med ikkje alt for store tettstader, driv vi rekrutteringarbeid på ein litt annan måte enn dei fleste andre stader i landet.

Ta gjerne kontakt med oss
Vi har sjeldan informasjonsmøter og inviterer heller folk til å ta direkte kontakt med oss. Det kan de gjere ved å ringe oss på dagtid på telefon 46 61 90 00 og taste 4, sende e-post til fosterheimstenesta.sogn-fjordane@bufetat.no eller besøke oss i Storehagen 1 i Førde. Vi held til i andre høgda i Storehagen Atrium.
Motta vår informasjonspakke
Dei som vender seg til oss vil få tilsendt vår informasjonspakke, som mellom anna innheld eit skjema for eigenpresentasjon. Du kan laste ned dette skjemaet her, så ser du kva vi spør om.
Eigenpresentasjonskjema