I Sogn og Fjordane har vi om lag 200 fosterbarn. Barna er i hovudsak frå 0 til 18 år, men nokre få er heilt opp til 23 år. Nokre har søsken, andre er einebarn. Alle har kvar sin personlegdom, kvar sine ressursar, interesser og særpreg. Dei er fulle av draumar, håp og planar – akkurat som andre barn. Dei er blitt fosterbarn fordi det har skjedd ting som gjer at dei må flytte heimanfrå. Nokre har mangla tryggleik og omsorg, andre har opplevd overgrep og mishandling. Ein fosterheim kan gi desse barna den tryggleiken dei ikkje finn heime.
Kven kan bli fosterforeldre? Bør dei bu på landet eller i byen? Stemmer dei SV eller Høgre?
Det finst ingen fasitsvar. Gode fosterforeldre finn vi i alle lag av folket. Dei har alle typar bakgrunn, tilhøyrsle og ressursar. Ein fosterheim er ein ganske alminneleg heim der det bur folk som finn glede og meining i å hjelpe til med å fostre opp eit barn. Humør og pågangsmot har du gjerne mykje av. Som fosterforelder har du det daglege ansvaret for barnet og må sørgje for mat, klede og skulegang. I tillegg må du kunne gi det som er minst like viktig: tryggleik og omsorg.
Det er i dag fosterheimar i dei aller fleste kommunane, og det er heile tida behov for nye heimar i alle delar av Sogn og Fjordane.
Vi gir opplæring
Fosterheimstenesta tilbyr opplæringsprogrammet "PRIDE." Programmet går over tre helgar og fire heimebesøk hos familien. Til vanleg tek vi opp 10 familiar på kurset, og oftast får 3 barnevernsarbeidarar også vere med.

Familien får på denne måten høve til å finne ut om fosterheimsoppgåva passar for dei. Opplæringsprogrammet er og ein del av grunnlaget for ei seinare godkjenning av den aktuelle fosterheimen. Kurset er gratis.
Kontakt oss
Er dette noko for deg eller nokon du kjenner? Ta kontakt med oss for ein uforpliktande prat, eller for meir informasjon. I kontortida kan ringe oss på telefon 46 61 90 00 og taste 4. Du kan også sende e–post til oss på adressa Fosterheimstenesta.sogn-fjordane@bufetat.no så tek vi kontakt med deg.