Fosterfamiliesamling 2010 !

Også i år kan vi vel seie vel blåst om samlinga på Skei 13. og 14.februar 2010.

Vi snakkar om den årlege fosterfamiliesamlinga vi arrangerer kvart år i februar på Skei hotell. Denne gongen var vi 288 store og små deltakarar.

Lørdag opna vi med kulturinnslag v/ Independent frå danseverkstaden i Jølster. Etter avreise med ungdommane til bowling og pizza, var det tid for litterært innslag og refleksjon for dei vaksne ved Gunnar Staalesen - krimforfattaren med den ikkje heilt vellukka barnvernsarbeidaren i hovedrollene.

Då opna også dørene til leikekroken, aktivitetsverkstaden og ikkje minst bassenget - godt tilrettelagt og i regi av hjelparane våre, også kalt The Winning Team.

Det offisielle programmet vart avslutta med eit lite Swingkurs for store og små ved Geir Ståle og Solrunn, og til slutt Lill`s quiz.

Søndagen starta med litt Iron Maiden frå kulturskulen i Jølster før familietid, pistolskyting, bading, spel og kino.

 

Frå verkstaden:                                                         

Randi og Truls :)

Frå Swingkurset:

 

Tekst/foto: Rita Tonning

Publisert: 15.02.2010  Sist endret: 30.03.2010