Økonomi
I Sogn og Fjordane er det vanleg at fosterforeldre vert kjøpt fri frå anna arbeid, om dette trengs for at ein skal få tid nok til å ta seg godt av fosterbarnet. I slike tilfeller er det vanleg med full kompensasjon for tapt inntekt, men avgrensa oppover til 6G.
Vi har som målsetting at ingen skal tape pengar på å bli fosterforeldre, men det er kommunane som inngår avtale i kvart einskild tilfelle. I dei heilt ordinære plasseringane, er det KS sine rettleiande satsar som vert nytta les meir her
Utgiftsdekninga skal normalt dekke alle ekstra utgifter ein får ved å ta imot eit fosterbarn. Beløpet er skattefritt og ein treng ikkje avlegge eige rekneskap for korleis pengane er brukt.
Fosterforeldre har rett til barnetrygd etter § 2 – andre ledd i Lov om Barnetrygd les meir her
Retten til permisjon frå eiga arbeid er heimla i arbeidsmiljølova § 12-5.les meir her
Arbeidsgodtgjersla vert rekna som vanleg inntekt, er skattepliktig og gir pensjonspoeng i folketrygda. Slik sett kan utbetalt godtgjersle få konsekvensar for personar som mottek stønader frå NAV, til dømes uførepensjon.
Fosterforeldre kjem ikkje inn under ferielova og godtgjersla gir derfor ikkje rett til feriepengar
Opprettet: 23. august 2011
Sist endret: 23. august 2011