Etter fosterbarnet er flyttet inn
Når eit barn vert plassert i ein kommunal fosterheim, skal fosterheimstenesta vår sjå til at plasseringa vert så vellukka som råd er. Vi har derfor fire kontrollpunkt som vi har ansvar for. Vi tek initiativ til eit møte i fosterheimen:
- Når det er gått tre månader sidan plasseringa
- Når det er gått eit år sidan plasseringa
- Når det er gått to år sidan plasseringa
- Når barnet fyller 17 år og snart vert myndig
Samtalegrupper for fosterforeldre
I tillegg til dette driv vi samtalegrupper for fosterforeldre. Kvar gruppe kan ha inntil fem familiar og har to rettleiarar. Gruppene møtast omlag annakvar månad og kan ta opp ting som dei ikkje kan snakke med så mange andre om. Føremålet med gruppene er å hjelpe fosterforeldre til å finne løysingar på eigne problem, i felleskap med andre og under rettleiing.
Årlig samling for fosterforeldre
Ein gong i året har vi og ei samling for alle fosterforeldre i vårt fylke. Dette er ein kombinasjon av faglege kurs og sosialt samkvem med kvarandre. Omlag halvparten av alle fosterforeldra våre bruker å vere med på desse samlingane.
Ein gong i året har vi og ei samling for fosterfamiliane. Då er både fosterbarn og eigne barn med. Denne samlinga er først og fremst ungane si samling og det vert lagt vekt på å styrkje det sosiale fellesskapet.
Vi du vite meir?
Ta kontakt med oss på telefon 46 61 90 00 og tast 4 eller e-post