PRIDE - eit opplæringsprogram for fosterforeldre
Kva er PRIDE ?
PRIDE er eit kompetansebasert opplæringsprogram som førebur, utviklar og støttar fosterfamiliar.
Sentralt i kurset er dei 5 ferdigheitsområda som PRIDE-opplæringa er basert på:
1. Å verne og oppdra barn
2. Å møte barn sine utviklingsbehov og handtere utviklingsforstyrring
3. Å støtte relasjonane mellom barn og familiane deira
4. Å gje barn høve til å etablere varige band
5. Å kunne samarbeide
Kurset er organisert med 10 ulike tema fordelt på tre kurshelgar. Kursa går i Førde. Fosterheimstenesta dekkar utgifter til kurset, reise og opphald.
Tema:
1. Introduksjon til PRIDE
2. Å Arbeide i gruppe
3. Å møte behovet eit barn har for nærleik og tilknytning
4. Å handtere tap
5. Å hjelpe barn til å halde kontakt med eigen familie
6. Å gje god omsorg
7. Å gje barn høve til å knyte varige band
8. Å leve med endringar i kvardagen
9. Å ta ei velbegunna avgjerd
10. Avslutning av kurset - oppsummering
For meir informasjon - ta kontakt på telefon 4661 0000 tast 4
eller send mail
Opprettet: 24. oktober 2011
Sist endret: 24. oktober 2011