INVITASJON TIL SAMTALEGRUPPER FOR
FOSTERFORELDRE I SOGN OG FJORDANE
KVEN KAN VERE MED?
I Sogn og Fjordande får alle fosterforeldre som har fosterbarn invitasjon til samtalegrupper. Dei som har oppdrag frå kommunar utanom Sogn og Fjordane får og høve til å delta.
KVIFOR SAMTALEGRUPPER?
Den viktigaste grunnen er å organisere eit forum der fosterforeldre kan bruke kvarandre som ressurspersonar for å:
- Lære av kvarandre
- Få råd og hjelp i vanskelege situasjonar, t.d. kunne gje uttrykk for frustrasjonar og få nye innspel
- Diskutere ulike sider ved fosterheimsarbeidet, t.d. samspelet mellom eigne barn og fosterbarnet, korleis det er å vere ein vanleg familie i ein uvanleg situasjon, samspel med fosterbarnet sine foreldre, samarbeid med barnehage og skule, kva når eg er tanta til vårt fosterbarn?
- Utvikle seg sjølv som fosterfar/ -mor
- Få inn humor og kreativitet
Alle fosterforeldre har teieplikt om det som kjem fram på gruppemøta.
GRUPPESTORLEIK OG SAMANSETJING
Generelt ynskjer vi at gruppene skal organiserast med 8-10 deltakarar. Samtalegruppene har to rettleiarar.
Det vil alltid vere fellestrekk i tema som fosterforeldra tek opp og som gjev felles utbytte. Vi oppmodar også dei som har slekt / nettverksplassering til å melde seg på til samtalegruppene.
GJENNOMFØRING
Nytt frå 2012 er at fosterforeldra får tildelt «fast plass» i ei samtalegruppe. Den tildelte plassen i samtalegruppa har de så lenge de sjølve ynskjer det, samtalegruppene vert ikkje avslutta kvart år slik tidlegare praksis har vore. Dersom nokon i gruppene seier frå seg plassen sin undervegs, vil det bli gjeve tilbod om plass til andre fosterforeldre.
Gruppene samlast 6 gonger i året. Gruppeleiarane organiserer tid og stad med deltakarane.
Samtalegruppene vert samansett hovudsakleg av geografiske omsyn. Samtalegruppemøta varer i 2 1/2 time og vert gjennomført på ettermiddag eller kveldstid. Det vert enkel servering på møta.
ØKONOMI
Fosterheimstenesta organiserer tiltaket, men alle fosterforeldre som ynskjer å delta må ta det opp med sakshandsamar i heimkommunen til fosterbarnet. Godtgjersle i samband med reise og utgifter til barnepass må drøftast med den kommunale barnevernstenesta.
ER DETTE NOKO FOR DEG?
Deltaking i samtalegrupper gjev fellesskap med andre i same situasjon som deg sjølv. Å utveksle erfaringar og idear, dele kjensler og kunnskap med kvarandre kan gje gjenkjenning. Gjenkjenning kan føre til alminneleggjering og skape tryggleik. Å vere trygg på kvarandre eller oppleve at ”eg er i same båt” kan gje rom for støtte til den som treng det eller ta utfordrande diskusjonar på tema som er oppe i gruppa. Det er spennande å møte kollegaer!
Om du har lyst til å snakke med ein av oss på Fosterheimstenesta om samtalegrupper for fosterforeldre kan du ringe 4661 9000 tast 4
eller send mail til oss:
fosterheimstenesta.sogn-fjordane@bufetat.no
Frist for påmelding er sett til 10.januar 2012. Påmelding kan gjerast pr telefon, på mail, pr brev eller sms på telefonnr 4661 9116.
Med helsing
Fosterheimstenesta i Sogn og Fjordane
Randi Kildedal Rita Tonning
Leiar Fagkonsulent