Fosterfamiliesamling 2011

I regi av Fosterheimstenesta Sogn og Fjordane var 290 vaksne, ungdomar og barn samla på fosterfamiliesamlinga på Skei i Jølster helga 2-3.april. Samlinga var tettpakka med aktivitetar som filmverkstad, formingsverkstad, leike-/leserom, ansiktsmaling, pistolskyting, bowling, bading, og kino. Litt fotballspel, biljard- og ishockeyspeling vart det også tid til.

På filmverkstaden viste regissøren Gunnar Vikene oss ulike scener og forklarte korleis dei fekk til ulike triks. På tilhøyrarbenken sat 21 interesserte ungdomar som kanskje går med ein draum om filmskaping i magen :)

 

Filmen "Vegas" vart vist for dei vaksne laurdag og for ungdomane på søndag. Regissøren var tilstades og fortalde om filmen.

I filmen møter vi Thomas, som etter å ha sett mor bli banka opp, blir plassert på ein ungdomsheim og veslebroren i fosterheim. På ungdomsheimen møter han Marianne som har budd i tre ulike fosterheimar, og Terje som nettopp har mista mor si.

Tema for filmen er tru, hat og kjærleik, der tre ungdomar med kvar si skjebne møtes på ein ungdomsheim. Dei tre har ein felles draum og saman legg dei ut på ei reise - der ingen kjem dit dei hadde planlagt. www.ung.no

Fosterheimsforeininga Sogn og Fjordane arrangerte årsmøte denne helga. Meir informasjon om foreininga finn de på www.fosterhjemsforening.no

 

Tekst/foto: Rita Tonning

Opprettet: 4. april 2011 Sist endret: 4. april 2011

Fosterhjem.no drives av Barne-, ungdoms- og familieetaten. Ansvarlig redaktør: Kjetil Hillestad.

Nettredaktør: Hanne Hafver Rønjum.

Om fosterhjem.no | Nettstedkart | Presse