Det siste året har familien til Anne hatt eit ekstra barn i heimen, femten år gamle Bob. Oppgåva si som fostermor samanliknar ho med å byggje stillas. – Vi er mange som er saman om å støtte opp rundt ungdomen det gjeld. Og stillaset vi byggjer, må stå på eit stødig grunnlag, påpeikar ho. – Både fosterheims- og barnevernstenesta, skulen, helsevesenet – alle stiller opp og er positive.
Hovudpersonen i ei fosterheimsplassering er barnet, eller i dette høvet, ungdomen. Han er sjølv ikkje i tvil om at familierådmodellen har vore rett for han:
- Dersom eg berre hadde blitt plassert i ein fosterheim utan å bli spurt, så hadde eg blitt sur og sint og nekta å gå med på det. Eg kunne ikkje vite om den andre familien var noko betre enn den eg kom frå!
Det var likevel ein skeptisk tenåring som deltok i det første møtet med ”nettverket”. Han syntest ikkje at han kjende så mange av dei som var der, og skildrar seg sjølv som paranoid på det tidspunktet.
– Eg var eigentlig heilt likegyldig til alt i heile verda. Men eg vart interessert etter kvart som eg forsto at eg kunne påverke min eigen situasjon. Eg følte at dei høyrte på meg. Og då vi kom så langt at eg kunne velje alternativ, var det heilt og halde mitt eige val, understrekar Bob.
Også den biologiske mor hans var glad for løysinga som vart valt. Skulen rapporterer om ei god utvikling hos guten, og sjølv er han godt nøgd med situasjonen. – Eg har det mykje betre no. Eg kjenner meg trygg og kan slappe av, slår han fast.
Likevel meiner den velformulerte ungguten at prosessen undervegs kunne vore enno betre.
– Dei vaksne som er med på møta, må vise like mykje omsyn til og respekt for barnet, som for de andre vaksne. Det er feil om du må bli aggressiv for å bli høyrt i et møte som handlar om å hjelpe deg!
– Det er ei god støtte i å få positive meldingar frå alle kring Bob som ser at han har hatt ei fin utvikling, seier Anne. – Og vi opplever at han set pris på å vere hos oss. Til sjuande og sist er det ditt eige verdigrunnlag som avgjer om du vil tilby fosterheim, når vilkåra elles ligg til rette for det. Vi valde å seie ja til denne utfordringa, og det er vi glade for.
Anne hadde kjent mor til Bob i nokre år då ho vart invitert inn i familierådet. Frå før av har familien tre søner, og fostermora meiner det var ein fordel å ha røynsle med å oppdra eigne born - og å ha ungdom i huset.
I familieråd-metoden vert det halde to møte med om lag same struktur, men med ulik vekt på tema. Veka som låg mellom første og andre møtet i nettverksgruppa var krevjande for alle involverte. Det skulle tenkjast og vurderast, og framlegga ein kom til å ende med, ville få viktige konsekvensar.
– Det var som å sitje på ein løpsk karusell, skildrar Anne. – Det var avgjerande at eg kunne ringe til fagpersonane i løpet av den veka, og få svar på ting eg lurte på.
Eit grunnleggande spørsmål kom opp på første møtet: Kvar skal Bob bu? Etter kvart modna tanken hos Anne om at hennar familie kunne bli fosterheim. Då gjekk familien nokre runder med seg sjølv – og bestemte seg saman for å seie ja.
– Når nokon du kjenner, bed om hjelp i ein vanskeleg situasjon, vert du kjenslemessig engasjert. Det er ei stor tillitserklæring å bli spurt av nokon du alt har ein relasjon til, seier Anne.
– Barna våre er det mest dyrebare vi har, og det at nokon kan tenke seg å overlate barnet sitt til deg… det rører ved kjenslene!
Støtta familien fekk frå fosterheimstenesta, barnevernstenesta og andre ”stillasbyggarar” var viktig. Det at Anne vart frikjøpt frå sin vanlege jobb det første året, gav óg tid og rom til å ivareta og utvikle relasjonane i den utvida familien.
– Alle ungdomar kan vere sårbare, også våre eigne barn, påpeikar Anne.
– Det å bygge relasjonar tek tid, og vi som familie skal passe oss i hop som ny, utvida gruppe. Det er ei stor avgjerd å seie ja til å bli fosterheim, men røynslene våre gjer at vi vil anbefale andre å gjere det same dersom tilhøva ligg til rettes.